Potetkjellar i vest
2010 haust
Med: Haakon Aase
For: 5. - 7. årstrinn
Kjøleskåpet utan stikkontakt..
Om produksjonen
Med Haakon Aase som vegvisar får elevar på mellomsteget finna fram til ein potetkjellar i området der dei bur eller går på skule. Elevane skal måla opp og skildra potetkjellaren og setja han på kartet, dvs. registrera potetkjellaren. I tillegg skal dei prøva å finna ut mest mogleg om potetkjellaren, t.d. ved kontakt med folk som kan fortelja om potetkjellaren, særleg om korleis han har vorte brukt. Elevane vil få hjelp til å søkja vidare i skriftlege kjelder og digitale kjelder.
Opplegget er tilpassa maks 30 elevar. Det startar i klasserommet med ein kort gjennomgang av korleis dagen blir, og om metoden/registreringsskjemaet. Totalt varar ”Potetkjellar i vest” i ca. 2,5 klokketimar.
Potetkjellarar fanst, og finst på mest alle tun. Dei var bygde på ulik måte i ulike delar av landet vårt. På Vestlandet (og m.a. i Vest- Sverige, på Vesterhavsøyane og i Portugal) finn me ein spesiell byggjemåte, ein sofistikert steinkonstruksjon supplert med jord og torv til isolasjon. Gamle potetkjellarar vart stundom rekna for å vera gravhaugar! Byggjemåten gjorde det mogleg å etablera ein innetemperatur på rundt 5ºC, dvs. kjølskåptemperatur, og høveleg fukt i lufta til lagring av ymse matvarer. Noko å tenkja på i vår tid med klimakrise og overforbruk av energi?
Praktisk informasjon
- Arena/rom: Klasserom + ute i ein potetkjellar
- Speletid: 2,5 klokketime
- Maks publikum: 30 elevar
Haakon Aase tek kontakt med skulen for å finna eigna potetkjellarar.
Skulen/læraren må skaffa til veges måleutstyr, skrivesaker etc. Me bed også om at skulen/læraren lastar ned aktuelle kartutsnitt frå nettet eller bed om å få kartutskrifter på teknisk avdeling i kommunen. Til dømes http://www.nordhordlandskart.no/nordhordland/ kan nyttast.
Det er fint om læraren øver litt med elevane på førehand på bruk av registreringsskjemaet (ein kan t.d. måla opp ein annan liten bygning/konstruksjon). Skjemaet finn de nedst på sida.
Det er gjort nokre avtalar med informantar. Men det vil også vera særdeles kjærkome dersom elevar/lærarar/foreldre kan skaffa kontakt med andre personar i bygda som sit inne med kunnskap om dei aktuelle potetkjellarane.
Ved orientering i starten vil Haakon Aase kunna nytta tavle eller ”flippover”, men det er ein føremon om ein projektor, evt. kopla opp mot ein PC er tilgjengeleg. I så fall kan han nytta eit power point-program og visa nokre bilde.
Det er fint viss læraren kan fylgja med på vêrmeldinga i dagane før. Elevane må vera kledde for det veret me får, slik at det ikkje vert ei plage for dei å vera ute. Dei bør helst ha litt røffe klede, gjere arbeidstøy, slik at dei ikkje treng vera redde for å skitna seg til.
Les meir i lærerrettleiinga nedst på sida.
Om Haakon Aase
Haakon Aase (f. 1949) driv i føretaket Haakon Aase Tørrmuring profesjonelt som tørrmurar, både med vøling av gamle anlegg og reising av nye anlegg. Han har i mange år vore oppteken konstruksjonar av stein og handverket som ligg til grunn. Ifrå 2003 – 2007 dreiv han prosjektet ”Tørrmuring i Nordhordland” som hadde som føremål å sanka i hop og dokumentera kunnskap i tørrmuringshandverket og formidla han vidare til nye generasjonar. Med det for auga vart det gjennomført ei rad med kurs og opplæringstiltak, m.a. i vidaregåande skular. Også i dag driv HA med opplæring, gjerne i samband med konkrete murartiltak, han skriv artiklar og held foredrag om tørrmuring og handverkspedagogikk. HA har jobba nærmare 30 år i industrien og har også ei lærarutdanning frå Universitetet i Bergen.
Dokument
Turnéar
- AFRISAH!
- Arkitektens val
- Audrey Horne
- Baga-bo Pooh!
- Baluba Runa
- Burt Nilsson sin store sjanse
- Det var en gang i Afrika
- Dokumentarfilm og virkelighet
- Dråpen Vannders
- Du finn oss i naustet
- Dyras karneval
- Filmskapar Geir Henning Hopland møter elevar
- Fløytelåt
- Forteljingar frå utsida
- Grieg på Troldhaugen
- Hallaisen, herr Bull!
- Home is where my hat is
- Klangbein
- Kuvenninnene
- LARS VAULAR "En liten historie"
- Lektor Bjerkes Orkester
- Maskeringstape og samtidskunst
- Med Stella under regnbogen
- No får det vere rock!
- Nordisk Panorama 5 Cities Film Festival
- Oktoberdans
- Ole Bull Lysøen
- Ole Bull: "Jeg bygger luftslott"
- Otto Monster show
- Papir - HOT
- Potetkjellar i vest
- På farten med vokalgruppa Taus
- Ressentiment - Pavane til en død prinsesse
- Ressentiment - Pavane til en død prinsesse
- Ressentiment - Pavane til en død prinsesse.
- Sangerinden
- Simen Stjernespiller
- Sjekk det håret
- Tango, blu-ray og kastanjettar
- Telefonen
- The Art of Seduction
- Tomlane opp!
- Vitensenter på hjul
- Voices of a nation
- Advice for a safe return
- Alt flyter
- Då fjellet blei oppdaga
- Englefjell
- Eppel Peppel Pippil
- Forteljingar frå utsida
- Her er jeg og skolen min
- Knockout
- Månefabler
- Papirkunst
- Potetkjellar i vest
- Rare Ruter! Teikneserieverkstad
- Redd
- Sjekk det håret
- Telefonen
- Uprisen – Årets ungdomsbok
- Uprising
- Vitensenter på hjul
- WeFiction
- Å vera diktar!

