Nordisk Panorama 5 Cities Film Festival
2010 haust
Med: Vestnorsk filmsenter
Vidaregåande skule
Nordisk kortfilm - spesialprogram
Om produksjonen
Nordisk Panorama 5 Cities Film Festival er den største festivalen for Nordisk kort- og dokumentarfilm. Den blir halden i 5 nordiske byar, kvart femte år i Bergen.
Festivalen i år er den 21. i rekkja, og blir arrangert i Bergen for fjerde gong.
Festivalen er eit eineståande høve til å sjå det beste innan ny nordisk kortfilm. Totalt blir det vist omlag 70-80 kortfilmar.
Arrangørane ynskjer å gje eit spesialtilbod til elevar i vidaregåande skular og kanskje spesielt skular med programfag innan medier og kommunikasjon:
Programmet for dei vidaregåande skulane består av 5 kortfilmar frå dei ulike nordiske landa.
Filmane vert vist i eit eige program under festivalen, innanfor skuletida.
Tre av filmskaparane bak filmane vil vere tilstades, og ein frå filmbransjen i Bergen vil introdusere kvar film og stille spørsmål til filmskaparane i etterkant. Elevane vil då få moglegheit til å kome med reaksjonar, kommentarar og spørsmål.
Filmprogrammet kan vere utgangspunkt for eigen analyse i etterkant, ev. filmmelding basert på ein eller fleire av filmane.
For elevar på utdanningsprogram for medier og kommunikasjon vil filmane og møtet med filmskaparane òg kunne gje filmfagleg inspirasjon og kompetanse.
Pedagogisk materiell: Filmstudieark til førebuing, med utdjupande informasjon om filmane og filmskaparane, vert tilgjengelege for elevane/skulane i god tid før festivalen.
Arka vil òg innehalde forslag til synsvinklar, spørsmål og ulike problemstillingar.
Filmstudiearka blir distribuerte elektronisk, sjå lenkje nedst på denne sida.
Praktisk informasjon
- Arena/rom: Bergen kino, Magnus Barfot kinosenter, sal 1
- Speletid: 120 minutt
- Maks publikum: 200
Filmane:
Programmet for skuleframsyningane er kalla kort 6 og inneheld filmane Daddys Girl, Something Begins Something Ends, Benigni, Nudist og Tic Tic Boom.
Festivalen freistar få alle filmskaparane til å delta.
Stadfest så langt er: Helen Komini Olsen (Daddys Girl), My Sandstrøm (Nudist) og Mikael Bundsen (Something Begins, Something Ends).
Moderator under programmet er Olaug Spissøy Kyvik, regissør og undervisar i film på Fana folkehøgskole.
Om Vestnorsk filmsenter
http://www.vestnorskfilm.no/
Om Nordisk Panorama
http://www.nordiskpanorama.com/
|
|
|
|
|
Dokument
Turnéar
- AFRISAH!
- Arkitektens val
- Audrey Horne
- Baga-bo Pooh!
- Baluba Runa
- Burt Nilsson sin store sjanse
- Det var en gang i Afrika
- Dokumentarfilm og virkelighet
- Dråpen Vannders
- Du finn oss i naustet
- Dyras karneval
- Filmskapar Geir Henning Hopland møter elevar
- Fløytelåt
- Forteljingar frå utsida
- Grieg på Troldhaugen
- Hallaisen, herr Bull!
- Home is where my hat is
- Klangbein
- Kuvenninnene
- LARS VAULAR "En liten historie"
- Lektor Bjerkes Orkester
- Maskeringstape og samtidskunst
- Med Stella under regnbogen
- No får det vere rock!
- Nordisk Panorama 5 Cities Film Festival
- Oktoberdans
- Ole Bull Lysøen
- Ole Bull: "Jeg bygger luftslott"
- Otto Monster show
- Papir - HOT
- Potetkjellar i vest
- På farten med vokalgruppa Taus
- Ressentiment - Pavane til en død prinsesse
- Ressentiment - Pavane til en død prinsesse
- Ressentiment - Pavane til en død prinsesse.
- Sangerinden
- Simen Stjernespiller
- Sjekk det håret
- Tango, blu-ray og kastanjettar
- Telefonen
- The Art of Seduction
- Tomlane opp!
- Vitensenter på hjul
- Voices of a nation
- Advice for a safe return
- Alt flyter
- Då fjellet blei oppdaga
- Englefjell
- Eppel Peppel Pippil
- Forteljingar frå utsida
- Her er jeg og skolen min
- Knockout
- Månefabler
- Papirkunst
- Potetkjellar i vest
- Rare Ruter! Teikneserieverkstad
- Redd
- Sjekk det håret
- Telefonen
- Uprisen – Årets ungdomsbok
- Uprising
- Vitensenter på hjul
- WeFiction
- Å vera diktar!



