Turnéoversikt

Voices of a nation

Voices of a nation - Sigurdur og Petur  

Rikskonsertane 2010 haust
Med: Sigurdur Flosason og Petur Gretarsson
For: 8. - 10. årstrinn

To markante musikarar frå Island presenterer eit program der den rike saga- og folkemusikktradisjonen vert oppdatert.

Om produksjonen

Her får publikum høyre gamle, sjeldne opptak av skaldar og historieforteljarar. Opptaka blir akkompagnerte av musikarane "live". Gammal og moderne tid vert integrert på eit originalt vis, noko som skapar særprega lydbilete. Morbide forteljingar og galgenhumor spelar òg ei sentral rolle. Å "dúlla" er ein spesiell songteknikk der ein syng med lukka munn og dirrande stemme. Det å lære seg kunsten å "dúlla" brukar å tenne publikum.

Praktisk informasjon

  • Opprigg: 60 minutt
  • Nedrigg: 30 minutt
  • Maks publikum: 200
  • Blending: Nei
  • Straum: 2 x 16 A

Om Sigurdur Flosason og Petur Gretarsson

Turnéar

Turnéplan