Telefonen
2011 vår
Med: Tore Johannessen, Marianne Juvik Sæbø og Siv Sjøtun Høye
Vidaregåande skule
Ein humørfylt einaktar; kammeropera for baryton, sopran og piano.
Mobiltelefon - SMS - e-post - Twitter - Facebook - chat......
Kva gjer dei sosiale media med oss?
Om produksjonen
Er det viktig å vere tilgjengeleg heile døgeret?
Kva skjer om du ikkje får kontakt med ein ven - eller kjærast - her og no?
I musikkspelet Telefonen opplever vi historia om Ben og Lucy.
Ben, som skal på reise, oppsøkjer sin kjære Lucy i hennar leilegheit med eit brennande ynskje om å fri til henne før han dreg. Gjentatte gonger freistar Ben få Lucy i tale, men blir stadig avbroten av at ho svarar i telefonen når nokon ringjer.
Heile tida blir han avbroten, og det endar med at han forlét Lucy.
I ein siste freistnad på å nå henne, ringjer Ben frå mobiltelefonen sin. Utruleg nok får han kontakt og på det viset fridd til Lucy...
I denne kammeroperaen set utøvarane fokus på kor avhengige vi er blitt av å vere tilgjengelege heile tida. Vi nyttar mobiltelefon, e-post, Facebook, Twitter og eit utal andre nettsader for å gjere oss tilgjengelege 24 timar i døgeret.
Framsyninga appellerer til vidare diskusjonar og tankar kring emnet.
- Kva skjer med kjensler - og kva skjer om ikkje data og mobiltelefon fungerer?
- Må vi til ei kvar tid vere tilgjengelege?
-Toler vi ein pause frå mobiltelefon og medier?
- Kva gjer dei sosiale media med privatliva våre, er det grenser for kva vi kan skrive og uttrykke der, og kor går eigentleg denne grensa?
Engelsk originaltittel: The telephone. Skriven av Gian-Carlo Menotti.
Omsett til norsk av Tore Nysæther. Regi og scenografi: Tore Nysæther. Lyd/lys/teknikk: Shelton Stanislaus.
Praktisk informasjon
- Arena/rom: Gymsal/konsertarena på skulen
- Speletid: 45 minutt (ein skuletime)
- Opprigg: 2 timar
- Nedrigg: 45 min.
- Maks publikum: 120
- Bærehjelp: To personar
- Blending: best mogleg, men total blending ikkje naudsynt. Unngå motlys.
- Scene - breidd: 6 m.
- Scene - djupn: 4 m.
- Straum: To kursar med 16 amp. eller ein med 32 amp.
- Piano: Ja
Utøvarane treng garderobe eller eit eige rom så nær spelestaden som mogleg.
Det er ynskjeleg med eit rom/lagringsplass til rekvisittane, lys o.a. på dei skulane stykket skal spelast meir enn ein dag.
Om Tore Johannessen, Marianne Juvik Sæbø og Siv Sjøtun Høye
Tore Johannessen - baryton
Marianne Juvik Sæbø - sopran
Siv Sjøtun Høye - piano
Dokument
Turnéar
- AFRISAH!
- Arkitektens val
- Audrey Horne
- Baga-bo Pooh!
- Baluba Runa
- Burt Nilsson sin store sjanse
- Det var en gang i Afrika
- Dokumentarfilm og virkelighet
- Dråpen Vannders
- Du finn oss i naustet
- Dyras karneval
- Filmskapar Geir Henning Hopland møter elevar
- Fløytelåt
- Forteljingar frå utsida
- Grieg på Troldhaugen
- Hallaisen, herr Bull!
- Home is where my hat is
- Klangbein
- Kuvenninnene
- LARS VAULAR "En liten historie"
- Lektor Bjerkes Orkester
- Maskeringstape og samtidskunst
- Med Stella under regnbogen
- No får det vere rock!
- Nordisk Panorama 5 Cities Film Festival
- Oktoberdans
- Ole Bull Lysøen
- Ole Bull: "Jeg bygger luftslott"
- Otto Monster show
- Papir - HOT
- Potetkjellar i vest
- På farten med vokalgruppa Taus
- Ressentiment - Pavane til en død prinsesse
- Ressentiment - Pavane til en død prinsesse
- Ressentiment - Pavane til en død prinsesse.
- Sangerinden
- Simen Stjernespiller
- Sjekk det håret
- Tango, blu-ray og kastanjettar
- Telefonen
- The Art of Seduction
- Tomlane opp!
- Vitensenter på hjul
- Voices of a nation
- Advice for a safe return
- Alt flyter
- Då fjellet blei oppdaga
- Englefjell
- Eppel Peppel Pippil
- Forteljingar frå utsida
- Her er jeg og skolen min
- Knockout
- Månefabler
- Papirkunst
- Potetkjellar i vest
- Rare Ruter! Teikneserieverkstad
- Redd
- Sjekk det håret
- Telefonen
- Uprisen – Årets ungdomsbok
- Uprising
- Vitensenter på hjul
- WeFiction
- Å vera diktar!

