Turnéoversikt

Maskeringstape og samtidskunst

Maskeringstape og samtidskunst3 Øyvind Pål Farstad Øyvind Pål Farstad

DKS Hordaland 2010 haust
Med: Øyvind Pål Farstad & Åse Løvgren
For: 10. årstrinn

Innblikk i samtidskunst og eksperimentering med fargar i ein enkel måleteknikk.

Om produksjonen

Her får elevane eit innblikk i samtidskunst, nokre sentrale begrep, kunstverk og kunstnarar.
Dei to biletkunstnararne Øyvind Pål Farstad og Åse Løvgren utfordrar elevane til å eksperimentere med fargar i ein enkel måleteknikk.

Opplegget er delt i ein praktisk og ein teoretisk del.

Det praktiske: "Vi maler og vi maler"..
Saman med kunstnarane prøver elevane ut til tider overraskande fargeblandingar og figurdanning. På kartong, med hjelp av målerull, maskeringsteip, bokstavsjablongar og akrylmåling nyttar dei ein teknikk der bileta kjem fram som resultat av at ein målar og maskerer utallege gongar. Til sist komponerer dei bileta saman til eit heile.

Det teoretiske: "La oss snakke om samtidskunst"...
Kunstnarane fortel om å arbeide som biletkunstnar i dag, om bakgrunn og val. Elevane får presentere det dei har funne ut om kunstverka (sjå om førebuing under). Deretter presenterer kunstnarane nokre eigne og andre sine arbeid. Dei set fokus på samtidskunsten sitt innhald og idear, og er i dialog med elevane om dette.

Førebuing for elevar:
I god tid på førehand har skulen fått tilsendt 8 oppgåver. Elevane får i oppdrag å gå saman to og to om å finne informasjon om eit utvald kunstverk. I oppgåvene står kunstnarnamn og kunstverk, elevane må søkje på internett for å finne informasjon om verket.

Elevane er bedne om å førebu kvar sine korte presentasjonar av verka til møtet med kunstnarane (2-3 minutt på kvart). Dei skal òg formidle kva dei sjølve meiner om kunstverket.

Praktisk informasjon

  • Arena/rom: Klasserom/arbeidsrom - det same rommet for alle gruppene på skulen
  • Speletid: Ein dobbeltime
  • Opprigg: 30 min
  • Nedrigg: 30 min
  • Maks publikum: maks 15 elevar pr gruppe, 2 økter kvar dag
  • Bærehjelp: Ein til to personar til lett bering og rydding
  • Straum: Vanleg straum til projektor og datamaskin

Krav til klasse/arbeidsrommet:
Det same rommet må nyttast til alle gruppene.
Der må vere ein projektor og tilgjenge til internett. Skulen må gje tilbakemelding til dks@post.hfk.no om de ikkje har det.
Målearbeidet med elevane går føre seg på pultar/arbeidsbord. Det må òg vere vatn tilgjengeleg (vask/skyllekum) i rommet.

Elevoppgåver:
Skulen får elevoppgåvene tilsendt elektronisk til skulekontakten, som er beden om å formidle dei vidare til aktuelle lærarar.

Oppbevaring av materiell:
Det er ynskjeleg at kunstnarane kan ha noko materiell (måling, kartong) ståande på skulen i heile perioden når dei er der over fleir dagar. Litt skåpplass, eit kott eller del av ei lagerhylle er tilstrekkeleg.

Om Øyvind Pål Farstad & Åse Løvgren

Øyvind Pål Farstad er utdanna ved Kunstskolen i Stavanger, Statens Kunstakademi og Vestlandets Kunstakademi i Bergen. Han har bl.a. gjort utsmykking ved Mobil Visual Art Program, Aberdeen International Youth Festival. Klikk her for meir informasjon. 
Åse løvgren er biletkunstnar, utdanna frå Kunstakademiet i Bergen og arbeider hovudsakleg med fotografi. Ho har gjennomført ei rekkje prosjekt i inn- og utland.
Klikk her for meir informasjon om prosjekta.

Maskeringstape og samtidskunst1 Øyvind Pål Farstad  maskeringstape og samtidskunst2 Øyvind Pål Farstad 

Dokument