Turnéoversikt

Forteljingar frå utsida

Geir Olav Jørgensen Foto: Sandie Dougnac 

DKS Hordaland 2011 vår
Med: Geir Olav Jørgensen

Vidaregåande skule
Møte med forfattaren Geir Olav Jørgensen.
Forfattaren les frå eigne bøker og oppfordrar til dialog med tankar kring det å forandre verda....

Om produksjonen

Den nyaste romanen til Geir Olav Jørgensen, Forteljingar frå utsida, er eit flettverk av tre forteljingar, som på eitt vis høyrer saman.
Ei av desse forteljingane handlar om sosialkuratoren otto, som går gjennom ein sorgprosess. Frå før har Otto blitt skulda for å hjelpe for mykje, han har vore ein dedikert kurator.
No tenkjer han at han eigentleg ikkje har hjelpt nok. Han vaknar og skal redde verda. det er han personleg, det er Otto som skal redde heile verda.

Skrive om boka:

Hadde denne gripande, vakre tre gonger tredelte forteljinga kome på eit større språk enn norsk, ville eg tru ho skulle bli lagd merke til internasjonalt.
(Jan Askelund, Stavanger Aftenblad)

Han vrir og vender uanstrengt setningar og synsvinklar du ikkje så komme, og tar pust frå deg.
(Bjørn O. Mørch Larsen, Bergensavisen)


Forfattaren held eit innleiande foredrag og les frå denne forteljinga.
I dialog med elevane går han vidare i diskusjon kring boka sitt tema:
Går det an å endre på verda slik som Otto tenkjer? Er det øskjeleg å endre på verda? Kan individet gjere noko for verda? Kan litteraturen endre på verda?

Praktisk informasjon

  • Arena/rom: Klasserom/bibliotek eller tilsvarande på skulen.
  • Speletid: 45 min (ein skuletime).
  • Opprigg: 30 min.
  • Maks publikum: Ein klasse eller maks. 30 elevar pr. økt.

Inntil tre økter pr dag forfattaren vitjar skulen.

Om Geir Olav Jørgensen

Geir Olav Jørgensen, fødd 1971, kjem frå Husnes i Kvinnherad.
Han har gitt ut to romanar; Mono (2006) og Forteljingar få utsida (2009). Båe på Cappelen forlag.
Han hoppa av psykologistudiet og reiste ut i verda i 7 år. Han vitja 27 land på dei fleste kontinenta, bodde i Galilea i over 3 år og han spelte fløyte i et band. Han har livnært seg som gatemusikant frå dag til dag i Amsterdam og new York....