Turnéoversikt

Advice for a safe return

Advice for a safe return  ©NONcompany

DKS Hordaland 2011 vår
Med: NONcompany
For: 8. - 10. årstrinn

Ei poetisk og humoristisk bruksrettleiing for ein betre kvardag..

Om produksjonen

Framsyninga "Advice for a Safe Retum" er ein monolog med musikk som handlar om det å manøvrere i ei overflod av gode og mindre gode råd, og om at ein til sjuande og sist må ta sine eigne val. Framsyninga rettar ikkje peikefinger eller er moraliserer over temaet, men har ein frisk, humoristisk og poetisk vinkling. Ho er bygd opp som ei handbok innan ulike tema som til dømes: "korleis ta vare på seg sjølv", "korleis ta vare på andre" og "korleis ta vare på omgjevnadane sine".

Dette er ein monolog av og med Lise Risom Olsen. Håvard Pedersen spelar gitar og magiske boksar.

Teksten er bygd opp rundt ei rekkje råd, åtvaringar og tips som skodespelaren sjølv har samla. Desse har ho fått gjennom media, reklame, skilting, på reiser og frå andre personar. Råda vert formidla som eit slags poetisk standupshow med elektronisk musikk. Uttrykket er direkte, ærleg og reint, utan mykje staffasje eller innpakning.

Tematikken er henta frå den verda elevane sjølv lever og held seg til, og blir presangtert i ei samtidig teaterform som er tilgjengeleg og engasjerande.

I etterkant av framsyninga vert det opna for samtale for å gje rom til elevane sine eigne tankar og refleksjonar.

 

Praktisk informasjon

  • Arena/rom: Gymsal
  • Speletid: 35 min.
  • Opprigg: 1 time
  • Nedrigg: 15 min
  • Maks publikum: 75
  • Bærehjelp: 1 person
  • Blending: Ein fordel men ikkje eit krav
  • Straum: 2 x 10 ampere

Om NONcompany

Lise Risom Olsen har ti års erfaring som skodespelar og utøvar i scenekunstfeltet. Ho har drevet teaterkompaniet NONcompany sidan 2002.

Håvard Pedersen er musikar, DJ og komponist, og spelar i fleire band og konstellasjonar. Mellom anna Hemmelig Tempo som gjorde bestillingsverk for Festspillene i 2008.

NONcompany er eit tverrestetisk scenekunstkompani, basert i Bergen. Dei lagar framsyningar og mindre sideprosjekt som blir vist både i inn- og utland. Gruppa består av ein fast kjerne kunstnarar med bakgrunn frå ulike kunstfelt. I tillegg knyter dei til seg andre kunstnarar.

Sjå www.noncompany.no for meir informasjon.