Turnéoversikt

Uprisen – Årets ungdomsbok

Uprisen  

DKS Hordaland 2011 vår
Med:
For: 9. årstrinn

Om produksjonen

Kvart år kårar 9.klassar årets ungdomsbok, det dei synest er den beste boka frå året før.
Hordaland er i 2011 representert med elevar frå Kinsarvik skule, som skal vere juryklasse saman med seks andre klassar i landet.

I løpet av hausten 2010, har elevar frå andre skular lese aktuelle bøker og skrive bokmeldingar til dei. Ut frå reaksjonane i bokmeldingane vil det bli gjort eit utval av fem bøker som blir nominerte til Uprisen.

Tidleg i 2011 vil Kinsarvik og dei andre juryklassane få tilsendt nokre eksemplar av kvar av dei nominerte bøkene. Ein lærar vil reise på kurs i Oslo om korleis dei kan delta i opplegget. Elevane har ein periode til å lese bøkene, og to elevar og ein lærar deltek på eit storjurymøte i Oslo. Klassen vil også få besøk av ein bokmeldar, ein kritikarfadder som kan snakke med elevane om å vurdere bøker og korleis velje ut den boka dei liker best.
Uprisen blir kvart år utdelt under Litteraturfestivalen på Lillehammer i mai.
Nettside: http://www.uprisen.no/

Folkebiblioteket i Ullesvang vil samarbeide med skuleelevane, slik at biblioteket kan leggje ut noko om arbeidet med å kåre Uprisen på nettsida si.

Kontaktlærarar på Kinsarvik skule er:
Arnt Ove Meling; arnt.ove.meling@ullensvang.herad.no  og
Ottar Rykkje; ottar.rykkje@ullensvang.herad.no.  

Foreningen!les står bak Uprisen. DKS i Hordaland saman med Hordaland fylkesbibliotek betalar kostnadar for reise og opphald i Oslo under lærarkurs og storjurymøte, og honoraret til kritikarfadder.

Praktisk informasjon