Turnéoversikt

Ole Bull: "Jeg bygger luftslott"

Ole Bull: Jeg bygger luftslott  Hordaland Teater

DKS Hordaland 2010 haust
Med: Hordaland Teater - (HOT)
For: 8. - 10. årstrinn

Om produksjonen

Medan Ole Bull klatra stadig høgare på stjernehimmelen, utvikla privatlivet hans til ein tragedie. Den unge fransk/ spanske kona Felicie fekk aldri eit fullverdig samliv med Ole Bull, slik ho håpa på, og barna vaks opp under savnet av far sin. Medan Felicie sat heime og vart meir og meir sjuk, triumferte Ole Bull i konsertsalane og kjempa for den norske kulturen sin framvekst ute i Europa og Amerika.

Manus: Bodil Kvamme og Camilla Hûbbe
Regi: Trond Birkedal
Scenografi: Leiko Fuseya
Lysdesign: Torkel Skjærven
Lyddesgin: Peter Baden
Koreograf: Elin Høyholm
Med: Anders Dale, Katrine Dale, Even Rasmussen, Astrid Koppen Mjanger og Arild Vestre.

Framsyninga er med i Ole Bull 2010 jubileet.

Det er ein fordel om elevane har kjennskap til Ole Bull på førehand.

Praktisk informasjon

  • Arena/rom: Kulturhus
  • Speletid: ca 90 min utan pause
  • Opprigg: ca 4 timar
  • Nedrigg: ca 2,5 timar
  • Maks publikum: 300
  • Bærehjelp: 4 personar, vert avtalt nærare per telefon
  • Blending: Ja
  • Straum: 32A

Viktig informasjon til dei skulane som må reise til kulturhus/samfunnshus, sjå denne lenkja: Transport av elevar

Om Hordaland Teater - (HOT)

Hordaland Teater er eit teater for heile fylket, mest for barn og unge. 
Dei reiser på turne rundt i fylket, men har og eigen teatersal på Stend (i Bergen).

Dei spelar på nynorsk og dialekt, og har ei sterk satsing på bruk av ny dramatikk.

Teatret har særskilt kompetanse på figurteater som eit av dei få teatra i landet.

Meir om Hordaland Teater

 


 

 

 

Dokument

Turnéar

Turnéplan