Turnéoversikt

Tomlane opp!

Tomlane opp!  

Fylkeskonsertane 2010 haust
Med: Frank Jakobsen, Per Jørgensen og Thomas Dahl
For: 1. - 4. årstrinn

Tomlane opp for kreativitet på ståande fot!

Om produksjonen

 

Tomlane opp! er ein konsert som både er leiken og musikalsk alvorleg.
Musikarane skapar musikken i augneblinken, og dei spelar musikk dei har komponert tidlegare.
Med hjelp frå elevane får ord og tonar ny dakt.

 

Praktisk informasjon

  • Speletid: 40 minutt
  • Opprigg: 30 minutt
  • Nedrigg: 20 minutt
  • Maks publikum: 150
  • Bærehjelp: Fint om 6-8 elevar hjelper til med å bære inn utstyr.

 

 
Sjå lenkja til konsertinformasjonen.
Førebuing for 1 - 7.  klasse
Lag ein plakat som fortel om den komande konserten.

Om Frank Jakobsen, Per Jørgensen og Thomas Dahl

Frank Jakobsen (trommer)er bergensar. Han har spelt slagverk i ei rad kjende bergensgrupper på 70-talet, før han tidleg på 80-talet flytta tilOslo. I hovudstaden spelte han i ulike jazzgrupper og ved fleire revyscener. I 1992 flytta han attende til Bergen og arbeider i dag som frilansmusikar med heile landet som arbeidsstad. Frank Jakobsen vart i 1997 tildelt VossaJazz-prisen. Som 13-åring vart han Noregsmeister i jojo.
Per Jørgensen (trompet) kjem frå Bergen, men bur no på Dalekvam.I 1996 fekk han Buddystatuetten, den høgste prisen innan norsk jazz.Han markerte seg først som bluesgitarist i ”Bergen Blues Band”, men etter kvart vart trompeten hovudinstrumentet. Han kom med i gruppa ”Ny Bris” tidleg på 80-talet, og seinare har han spelt og sunge i mange band som Jøkleba og Magnetic North Orchestra.
Thomas Dahl (gitar)kjem frå Karmøy, men har budd i Bergen fleire år.Han er utdanna ved Jazzlina i Trondheim. Gjennom åra har mange høyrt han saman med m.a. Krøyt, Ephemera, i Ole Hamre sitt prosjekt ”Fonomatopoetikon” eller i bandet til Marion Raven. Thomas underviser ved jazzlina på Griegakademiet. I 2002 fekk han VossaJazz-prisen.

Dokument

Turnéar

Turnéplan