Turnéoversikt

Sangerinden

Sangerinden  

Fylkeskonsertane 2010 haust
Med: Kristin Mulders, Jorunn Lullau og Knut Christian Jansson
For: 5. - 7. årstrinn

I programmet "Sangerinden" ser vi nærare på mytar og sanningar kring sangerinnerolla.

Om produksjonen

Stemma er det mest personlege instrumentet vi har. Vi nyttar ho fra vi blir født, anten det er til å skrike, snakke eller - syngje. Ein songar brukar svært mykje tid på å lære seg å kontrollere og utvekle omfang, lydstyrke og klang i stemma.

Ei vakker songstemme har til alle tider vore gjenstand for stor beundring, og av og til har beundringa vore så stor at stemma sin eigar og forpleiar har fått nemninga "diva" og "primadonna".

Praktisk informasjon

  • Speletid: 35 minutt
  • Opprigg: 30 minutt
  • Nedrigg: 15 minutt
  • Maks publikum: 150
  • Piano: Ja

Sjå lenkja til Konsertinformasjonen

Om Kristin Mulders, Jorunn Lullau og Knut Christian Jansson

Kristin Mulders kjem frå Norheimsund. Hun har utdanning i både klaver og song frå Wartburg College i Iowa, USA og Griegakademiet. Kristin har opptredd som solist med m.a. Bergen Filharmoniske Orkester, og i tillegg har ho vore engasjert i ulike prosjekt i New York og i Kina. Sidan våren 2010 har ho vore tilsett i vokalensemblet Ars Nova i København med Paul Hillier son sjefdirigent.

Jorunn Lullau er ein skodespelar med brei erfaring frå teater og film. Ho har jobba ved Hordaland Teater i mange år, og ho har vore båe skodespelar og produsent for Bergen Byspill i ei rekkje produksjonar.

Knut Christian Jansson er fødd i Fredrikstad og starta å spele piano då han var 6 år gammal. Frå Griegakademiet har han klaverstudier og kyrkjemusikkutdanning. Knut Christian har vore solist med Bergen Filharmoniske Orkester.

Dokument

Turnéar

Turnéplan