Turnéoversikt

Rafiki

Rikskonsertane 2009 haust
Med: Trym Bjønnes og Hussein Rashidi Masimbi
For: 8. - 10. årstrinn

RAFIKI (Noreg/Tanzania) Trym Bjønnes (gitar/song/dans), Hussein Masimbi (perkusjon/song/dans) Konsert for 8.-10. trinn.

Om produksjonen

Duoen Rafiki har ei åpen innstilling til musikk, tek aktivt del i kvarandre sin song og dans og evner å formidle sine møter til eit ungt publikum. Her ligg noko av forklaringa på suksessen Rafiki har hatt ovanfor tusenvis av ungdomsskuleelevar det siste året.

Publikum får høyre ei blanding av tradisjonsmusikk frå Noreg og Tanzania, ispedd element frå blues, pop- og verdsmusikk. Nytt og gammalt vert blanda i eit vokalt, rytmisk og bevegeleg uttrykk. Ordet Rafiki er kiswahili og tyder min venn. Nokon vil kanskje hugse  karakteren Rafiki i Walt Disney-klassikaren Løvenes konge. Løva Simba får avgjerande råd av Rafiki idet han er i ferd med å miste sitt livs mål av syne. Rafiki vert fremstilt som en sjaman, - ein hjelpar som har kontakt med åndeverda og som kan bringe kraft og styrke. Rafiki er til gagn for alle, i det gode si teneste.

Vennskapet mellom Trym og Hussein er derimot eit resultat av deira felles lidenskap for musikken sitt spanande univers. Her møtest dei og dyrkar sitt vennskap gjennom å utforske, blande og kommunisere med sine personlege uttrykk. Dei bevegar seg frå musikkstil til musikkstil og frå ein tenkemåte til en annan.

Praktisk informasjon

  • Speletid: 45 min
  • Opprigg: 40 min
  • Nedrigg: 25 min
  • Maks publikum: 220
  • Bærehjelp: Ja, gjerne 2 elevar
  • Blending: nei
  • Straum: 16 A

Nærare informasjon om praktisk førebuing og elevmateriell blir sendt til skulane direkte frå Rikskonsertane.

Om Trym Bjønnes og Hussein Rashidi Masimbi

Trym Bjønnes   Hussein Rashidi Masimbi  

Dokument

Turnéar

Turnéplan