Møte med biletkunstnar Kurt Johannessen
2009 vår
Med: Kurt Johannessen
For: 8. - 10. årstrinn
Om produksjonen
I Møte med biletkunstnar Kurt Johannessen vil Kurt Johannessen presenterer bøker og performance. Eit sett med bøker og dokumentasjon av performance vert på førehand sendt til skolane. Elevane kan saman med lærar sjå på materialet før Kurt kjem, lese i bøker, sjå bilete av performance, og lese om performance. Når Kurt Johannessen kjem til skolen, vil han lese og fortelja om dei ulike arbeida sine, og elevane kan koma med spørsmål. Det å lage eigne bøker er noko som Kurt oppmodar elevane til, og det kan lærar /formingslærar gripe fatt i.
Eit spørsmål som gjerne dukkar opp er kva det han held på med har med biletkunst å gjera, det er ikkje dette vi ”normalt” oppfattar som biletkunst. Kurt Johannessen er utdanna biletkunstnar, og det er med den bakgrunnen han arbeidar med tekst. For han vert det visuelle i teksten viktig; tekstane er som bilete og derfor er det ofte så lite tekst på kvar side i bøkene, ei side – eit bilete.
Han tenkjer på arbeida sine som bilete han ynskjer skal festa seg inni hovuda til dei som les bøkene. Det er hendingar og erfaringar som er det viktigaste med verket, ikkje det at ein kan hengje det på veggen. Slik er det for Kurt Johannessen og han vonar publikum kan ta til seg arbeida hans som ei ny erfaring ut frå den ståstaden kvar enkel har. Her handlar det altså meir om kommunikasjon enn objekt, og ein slik måte å sjå på biletkunst er kanskje ei ny utfordring for mange, ei utfordring som kan vera med på å føra oss vidare til nye erkjenningar.
Praktisk informasjon
- Arena/rom: Klasserom
- Maks publikum: Ein klasse (maks 25 ved samanslåing av klassar)
VIKTIG!
La elevane sjå i dei vedlagte bøkene på førehand, gjerne i grupper på 2-5 elever. La bøken sirkulere i klassen. Nytt i år er ein DVD som er laga i samarbeid med Bergen Kunstmuseum. Det er òg fint om dei ser litt på heimesida til Kurt www.zeth.no om det er muligheiter for det. Dei kan òg oppfordrast til å gjere det på egen hand.
Tid: Kvart møte tek 1 skuletime. I tillegg til 1- 4 møter kvar dag har han ei visning i midttimen/ matfriminuttet på kvar skole, denne tek 10 – 15 minutt.
Ide og opplegg: Den kulturelle skolesekken i samarbeid med Kurt Johannessen
Praktisk førebuing:
- Me ber om at kontaktpersonen møter Kurt Johannessen når han kjem til skulen.
- Krav til lokale: klasserom med eit bord som kunstnaren kan ha bøkene sine på. Elevane kan sitje vanleg (buss) eller i hestesko rundt han.
- Ta med dei utsendte bøkene til møtet, dette gjeld også skular som er på vitjing hjå andre.
Elevaktivitet/ etterarbeid:
Det er viktig at elevane og lærarane har furebudd seg før møtet med Kurt Johannessen, då vil alle få mykje større utbytte av møtet. Elevane får sjå og lesa i bøkene på førehand, gjerne i mindre grupper der bøkene går på rundgang og elevane sjølv får lesa i dei. Kurt Johannessen svarar på spørsmål som dukkar opp, når han kjem. Før eller etter møtet kan elevane lage eigne bøker, og ta gjerne med dei sjølvlaga bøkene til møtet.
Skolen får behalde brosjyren med bøker 1984 – 2001, Kurt Johannessen (boka om performance) og ei av dei andre bøkene (valfri). Resten av bøkene og DVDen tek Kurt Johannessen med seg når han reiser vidare.
Les gjerne meir på nettsidene til Kurt Johannessen: http://www.zeth.no/
Les meir om nokre av bøkene i dukumentet nederst på sida
Om Kurt Johannessen
Kurt Johannessen er ein biletkunstnar som arbeidar med performance, installasjon, teikning og bøker. Han debuterte på haustutstillinga i 1984. Sidan då har han produsert over 100 performance med over 200 visningar i inn- og utland. I 1984 kom òg den fyrste av 36 bøker ut, i eit opplag på 30-4700 eksemplar. Alle produksjonane er på eige forlag.
Kurt Johannessen er utdanna ved Slade School of Fine Art, London, Myndlista og Handidaskoli, Reykjavik og Vestlandets Kunstakademi, Bergen.
Han jobbar med forenkling, og tør stille ut det reine og det enkle. Styrken hans ligg i undringa ved det kjente, ei forenkling som lærer oss å sjå verda på ny.
Prosjekta hans har mykje med tid, rørsle og handling å gjera. Han begynte til dømes med å teikne ein sirkel første dag. Dagen etter teikna han to, neste dag tre. Han skulle lage 2000 i alt, noko han har rekna ut vil ta om lag fem og eit halvt år. Til slutt hadde han 2000 teikningar. Han har og teikna med lukka auge – elefantteikningar. Hundrevis av elefantteikningar, som fylde eit heilt rom og som også vart ei bok – Imaginære elefantar.
Om arbeidet sitt seier han sjølv: ”nærver i situasjonen er fundamental, eg prøver å halde resten ope og ikkje låsa dei vala eg tek for tidleg, denne haldninga er utgangspunktet”. Samstundes er han oppteken av å finna situasjonar som kan tilføra han kvalitetar han ikkje har erfart tidlegare. Ofte minimaliserer han ned til eitt bilete og skapar mikroskopiske variantar innan for denne ramma. Til andre tider er situasjonen meir kompleks, men likevel innanfor eit poetisk minimalistisk formspråk. Arbeida hans er ofte relatert til ein stad.
|
Dokument
Turnéar
- AFRISAH!
- Arkitektens valg
- Audrey Horne
- Baga-bo Pooh!
- Baluba Runa
- Det var en gang i Afrika
- Dokumentarfilm og virkelighet
- Du finn oss i naustet
- Filmskapar Geir Henning Hopland møter elevar
- Forteljingar frå utsida
- Grieg på Troldhaugen
- Home is where my hat is
- Klangbein
- Kuvenninnene
- Maskeringstape og samtidskunst
- Med Stella under regnbogen
- No får det vere rock!
- Nordisk Panorama 5 Cities Film Festival
- Ole Bornemann Bull
- Ole Bull: "Jeg bygger luftslott"
- Otto Monster show
- Papir - HOT
- Potetkjellar i vest
- På farten med vokalgruppa Taus
- Ressentiment - Pavane til en død prinsesse
- Ressentiment - Pavane til en død prinsesse
- Sangerinden
- Simen Stjernespiller
- Sjekk det håret
- Tango, blu-ray og kastanjettar
- Telefonen
- The Art of Seduction
- Tomlane opp!
- Vitensenter på hjul
- Voices of a nation
- Advice for a safe return
- Alt flyter
- Då fjellet blei oppdaga
- Englefjell
- Eppel Peppel Pippil
- Forteljingar frå utsida
- Her er jeg og skolen min
- Knockout
- Månefabler
- Potetkjellar i vest
- Rare Ruter! Teikneserieverkstad
- Redd
- Sjekk det håret
- Telefonen
- Uprisen – Årets ungdomsbok
- Uprising
- Vitensenter på hjul
- WeFiction
- Å vera diktar!
Turnéplan
-
Nysæter ungdomsskule
09.02.2009 09:20 -
Nysæter ungdomsskule
09.02.2009 11:35 -
Nysæter ungdomsskule
09.02.2009 13:15 -
Nysæter ungdomsskule
10.02.2009 09:20 -
Nysæter ungdomsskule
10.02.2009 11:35 -
Nysæter ungdomsskule
10.02.2009 13:15 -
Stord ungdomsskule
11.02.2009 09:20 -
Stord ungdomsskule
11.02.2009 11:35 -
Stord ungdomsskule
11.02.2009 13:15 -
Stord ungdomsskule
12.02.2009 09:20 -
Stord ungdomsskule
12.02.2009 11:35 -
Stord ungdomsskule
12.02.2009 13:15 -
Stord ungdomsskule
16.02.2009 09:20 -
Stord ungdomsskule
16.02.2009 11:35 -
Stord ungdomsskule
17.02.2009 09:20 -
Stord ungdomsskule
17.02.2009 11:35 -
Stord ungdomsskule
17.02.2009 13:15 -
Stord ungdomsskule
18.02.2009 09:20 -
Stord ungdomsskule
18.02.2009 11:35 -
Stord ungdomsskule
18.02.2009 13:15 -
Radøy ungdomsskule
19.02.2009 09:35 -
Radøy ungdomsskule
19.02.2009 10:30 -
Radøy ungdomsskule
19.02.2009 11:45 -
Radøy ungdomsskule
20.02.2009 10:30 -
Radøy ungdomsskule
20.02.2009 11:45 -
Radøy ungdomsskule
20.02.2009 13:35

