Turnéoversikt

Møte med biletkunstnar Kurt Johannessen

Kurt Johannesen  

DKS Hordaland Med: Kurt Johannessen
Stad: Nysæter ungdomsskule
For: 8. - 10. trinn
Dato: 09.02.2009
Tid: 09:20

Skular som deltek

Merknader for skulen

Trinn 8, ein klasse.
Vi har ikkje oppdatert timeplan så klokkesletta kan endre seg.

Praktisk informasjon

  • Arena/rom: Klasserom
  • Maks publikum: Ein klasse (maks 25 ved samanslåing av klassar)

VIKTIG!

La elevane sjå i dei vedlagte bøkene på førehand, gjerne i grupper på 2-5 elever. La bøken sirkulere i klassen. Nytt i år er ein DVD som er laga i samarbeid med Bergen Kunstmuseum. Det er òg fint om dei ser litt på heimesida til Kurt www.zeth.no om det er muligheiter for det. Dei kan òg oppfordrast til å gjere det på egen hand.

Tid: Kvart møte tek 1 skuletime. I tillegg til 1- 4 møter kvar dag har han ei visning i midttimen/ matfriminuttet på kvar skole, denne tek 10 – 15 minutt.

Ide og opplegg: Den kulturelle skolesekken i samarbeid med Kurt Johannessen

Praktisk førebuing:

  • Me ber om at kontaktpersonen møter Kurt Johannessen når han kjem til skulen.
  • Krav til lokale: klasserom med eit bord som kunstnaren kan ha bøkene sine på. Elevane kan sitje vanleg (buss) eller i hestesko rundt han.
  • Ta med dei utsendte bøkene til møtet, dette gjeld også skular som er på vitjing hjå andre.

Elevaktivitet/ etterarbeid:
Det er viktig at elevane og lærarane har furebudd seg før møtet med Kurt Johannessen, då vil alle få mykje større utbytte av møtet. Elevane får sjå og lesa i bøkene på førehand, gjerne i mindre grupper der bøkene går på rundgang og elevane sjølv får lesa i dei. Kurt Johannessen svarar på spørsmål som dukkar opp, når han kjem. Før eller etter møtet kan elevane lage eigne bøker, og ta gjerne med dei sjølvlaga bøkene til møtet.

Skolen får behalde brosjyren med bøker 1984 – 2001, Kurt Johannessen (boka om performance) og ei av dei andre bøkene (valfri). Resten av bøkene og DVDen tek Kurt Johannessen med seg når han reiser vidare.

Les gjerne meir på nettsidene til Kurt Johannessen: http://www.zeth.no/ 

Les meir om nokre av bøkene i dukumentet nederst på sida

Dokument

Turnéar

Turnéplan