Fristar

Fristar

For utøvarar:

Siste frist for innspel for skuleåret 2012/2013 er 1. oktober 2011.

Kunst- og kulturproduksjonar til Den kulturelle skolesekken skuleåret 2012-2013

I løpet av hausten startar Hordaland fylkeskommune planlegging av innhaldet i Den kulturelle skolesekken for grunnskulen og vidaregåande skule for skuleåret 2012-2013.

Hovudmåla med Den kulturelle skolesekken i Hordaland er
- å medverke til at elevar i skulen får eit profesjonelt kunst- og kulturtilbod;
- å leggje til rette for at elevar i skulen skal få tilgang til, gjere seg kjende med og få eit positivt forhold til kunst- og kulturuttrykk av alle slag;
- å medverke til å utvikle ei heilskapleg innlemming av kunstnarlege og kulturelle uttrykk i realiseringa av skulen sine læringsmål;
- å gje born oppleving av kunst og styrke deira eiga skaparevne;
- å styrkje born si evne til å stille spørsmål, og stimulere til undring og kritisk vurdering.

Programmet skal omfatte visuell kunst, film, litteratur, scenekunst, musikk, kulturarv og sjangeroverskridande tilbod (kunstartar i samspel).
Forslag til reine musikkproduksjonar til grunnskulen vil verte vurdert som del av Skulekonsertordninga i Hordaland.

Framlegg til produksjonar i Den kulturelle skolesekken må sendast inn seinast 1. oktober 2011.

Lenkje til skjema: Framlegg til produksjon skuleåret 2012-2013

Send skjema til dks@post.hfk.no
eller til postadresse:
Hordaland fylkeskommune
Kultur- og idrettsavdelinga
Den kulturelle skolesekken
Postboks 7900
5020 Bergen

NB! Innspel/ søknadar som kjem inn etter fristen vil ikkje bli vurdert for skuleåret 2012-2013.

Me minner om at kommunane har eigne lokale skulesekkar som skal fyllast. Ta direkte kontakt med kommunekontaktane. De finn kontaktinfo under kvar kommune.


Frist for innsending av rekneskapsrapport frå kommunane

Rekneskap frå kommunen for førre kalenderår skal liggja føre innan 20. mars kvart år. Rekneskapsrapportar skal vera stadfesta av revisor.


Frist for rapportering frå kommunane

Kommunen skal sende inn kortfatta rapport for førre skuleår til Hordaland fylkeskommune innan 25. september kvart år.


Frist for innsending av ny prosjektplan skuleåret 2010/2011

Kommunane må etablera ein enkel plan for neste skuleår eller vidareføra eksisterande plan. Frist for innsending 1. juni 2010. Dette gjeld kommunar som ikkje har plan for neste skuleår.


Hordaland fylkeskommune sine tilskotsordningar

Ei oversikt over ordningane som gjeld kultur. Hordaland fylkeskommune har eit regionalt kulturansvar. Midlane vert fordelte på kulturtiltak som har verdi for heile fylket eller større delar av det. Stønaden skal gå til prosjekt og aktivitetar.


Norsk Kulturråd

Oversikt over kva ein kan søkja på, fristar og søknadsskjema.