Økonomi
Den statlege satsinga på Den kulturelle skolesekken vert hovudsakeleg finansiert gjennom spelemidlar. For skuleåret 2010/2011 vart 167 millionar kroner tilført tiltaket.
I år vil 157,5 mill. kroner gå til lokale tiltak. Av dette blir 122,5 mill. kroner fordelt via fylkeskommunane for tiltak i grunnskulen og 35 mill. kroner for tiltak i vidaregåande skular. 9,5 mill. blir fordelt til sentrale institusjonar med eit særleg ansvar innanfor Den kulturelle skolesekken.
Hordaland sin del av midlane dette skuleåret er på kr 13 055 157. Av dette skal kr 2 900 000 gå til DKS i vidaregåande opplæring.
Kr 2 788 673 vert fordelt til kommunane (minus Bergen) etter plan. I tillegg får kvar av dei 5 regionane kr 50 000 til eigne prosjekt. Bergen får utbetalt kr
4 043 670,-
.
Dei resterande midlane vert nytta til DKS si turneordning og produksjonsutvikling.
Hordaland fylkeskommune dekker utgiftene til administrasjon.
DKS Hordaland vert samla sett finansiert av statlege spelemidlar og kommunale- og fylkeskommunale tilskot.
- Les meir om økonomi i DKS på dei sentrale DKS-sidene.
- Her finn de også tildelingsbrevet som er sendt til fylkeskommunen.

