Den kulturelle skulesekken - Masfjorden kommune
Kulturarbeid i masfjordskulane
Tradisjonelt har kulturelt arbeid hatt ein sterk posisjon i det pedagogiske arbeidet i skulane i Masfjorden. Spesielt har tradisjonane knytt til musikalske aktivitetar vore gode. Ein viktig faktor i dette har vore musikkskulen, som vart starta opp i 1981, og som i dag er blitt Masfjorden kommunale kulturskule, der aktivitetstilbodet også omfattar drama og bildande kunst. Gjennom åra har det utvikla seg eit godt og tett samarbeid mellom kulturskulen og grunnskulane i kommunen.
Skulane har også hatt gode tradisjonar med å nytte eksterne krefter. Både musikarar, forfattarar, teatergrupper og bildande kunstnarar har vore på vitjing i skulane våre, til glede for både publikum – og seg sjølve, får vi tru. Det har også vore vanleg å ha med elevar på ekskursjonar, i hovudsak til Bergen. Måla for ekskursjonane har både vore dei faste kulturtilboda frå institusjonar som museum og teater, men også meir tidsavgrensa tilbod, som til dømes spesialutstillingar, festivalar og konsertar.
Kommunen sin økonomi har dei siste åra vore trang, og det har vore vanskeleg å oppretthalde det kulturelle tilbodet på eit nivå som skulane oppfattar som ynskjeleg og naudsynt. I dette arbeidet har Den kulturelle skulesekken vore ei god drahjelp. Gjennom denne tilskotsordninga får skulane både ta del i ulike kulturarrangement med profesjonelle aktørar og hjelp til å heve kvaliteten på eigne kulturuttrykk.
Artiklar
Den fortrolla bussen
I dagane 30. oktober til 1. november turnerte Abellis Magiska Teater med buss til skulane i Masfjorden. Det vart ei trollbindande oppleving.
Les meir · 01.11.2007
Med liv og lyst og leire
20. til 22. september vitja keramikaren Siri Haaskjold skulane i Masfjorden. Elevane i første til fjerde årstrinn fekk eit møte med leire som dei aldri hadde fått før.
Les meir · 23.09.2006
Trykt stemning - slett ikkje !
Prosjektet "Sink" vart gjennomført i skulane i Masfjorden hausten 2005 og vinteren 2006 - og det var kjekt!
Les meir · 13.09.2006
Masfjorden kommune
Kommunemeny
- Turnéoversikt
- Lokale ressursar
- Dokumentasjon
- Masfjorden kulturskule
- Plan for arbeidet med Den kulturelle skulesekken
- Heimeside - Skulane i Masfjorden kommune
Skular
Kontaktinformasjon
Kommunehuset
Kommunehuset
5981 MASFJORDNES
Telefon: 56166241
Telefaks: 56166201
Kontaktpersonar
Alf Magnar Strand · E-post


