Sund kommune

Sund kommune

Den Kulturelle Skulesekken

Den Kulturelle Skulesekken - Sund kommune

Alt og ingenting  

Den Kulturelle Skulesekken i Sund

Ansvarleg i Sund kommune, kultur og kvalifisering
v. Hilde Kristin Egeland – kulturkoordinator
hilde.k.egeland@sund.kommune.no 
Tlf. 56327500 /
dir. 56327599 /
mobil 97 17 88 32

 

Den statlege føringa for Skulesekken er at alle barn i heile Noreg gjennom Den Kulturelle skulesekken etter kvart skal få 5 kunst- og kulturopplevingar i kvart skuleår. Vi kjem nok ikkje der med det første, men tar det trinn for trinn og ser dei statlege føringane som eit mål vi kan nå om nokre år.

Eining for Kultur og Kvalifisering og representant for rektorane i Sund er arbeidsgruppa for Den Kulturelle Skulesekken. Vi vil i tillegg bruke rektormøtene, kulturkontaktane på den enkelte skule og saksgruppe nærmiljø som referansegruppe. Kvar skule har ein kulturkontakt som er det viktigaste bindeleddet mellom skule og kultureininga/arbeidsgruppa. Elles så samarbeidast det tett mellom kommunane i regionen med dette.

Vi ønskjer at Den Kulturelle Skulesekken ikkje berre skal vere gode opplevingar tilfeldig raska saman. Vi ønskjer å gje elevane høve til å sjå samanhangar og linjer:

  • mellom dei ulike kunstutrykka
  • mellom ulike kulturar sine uttrykk 
  • mellom historie/tradisjon og notid

Det er løyvd midlar til kunst- og kulturinstitusjonar og kunstnarar for å skape nye prosjekt og framsyningar i høve Den Kulturelle Skulesekken. Kommunane søker også midlar frå fylkeskommunar og staten til eigne prosjekt. Desse midlane søkjer vi sjølvsagt på, og denne potten skal aukast i åra framover. Men også her er det mange om beinet, så ein er avhengig av kommunale løyvingar og å søke på midlar frå andre instansar for å få sett ein god plan ut i livet. Difor har vi både i planen og vil i dei enkelte prosjekt tenkt vinklingar som harmonerer med våre overordna tankar om kunst og kultur i Sund, og som gjer at vi kan bruke dei som ein del av prosjekt vi tenkjer å søke midlar til frå anna hold.

Det tverrkulturelle perspektivet vil bli lagt spesielt vekt på hos oss. Også i nasjonale føringar for Skulesekken blir det trekt fram som eit av dei tre viktigaste fokus. I tillegg har vi mange ressursar i forhold til dette i kommunen. Vi vil gjennom denne planen jobbe for å auke lokalkunnskapen og –tilknytinga. Samstundes vil vi vise at verda er større. Vi vil prøve å vise samanhengar mellom det nære og det framande, mellom det gamle og det nye – at avstanden kan hende ikkje er så stor likevel. Dette kan resultere i konkrete prosjekt, vere ein link mellom ulike prosjekt og vere eit perspektiv i mykje av arbeidet.
Det er vektlagt frå statleg hald at elevane skal møte profesjonelle aktørar. Det interaktive – det at elevane er aktive deltakarar er viktig. Ein kunstnar skal ikkje berre kome å presentere sine ting og så reise. Vi vil sjølvsagt bruke dei kunstnarane vi har i vår nærleik, men også bruke folk utanfrå. Vi legg vekt på at lokale ressursar – om dei ikkje er heilt profesjonelle blir brukt i arbeidet og spesielt i det arbeidet som desse besøka og prosjekta kan føre til i etterkant. Vi vil frå kommunalt hald legge til rette for at resultata frå prosjekta kan visast til flest mogleg av kommunen sine innbyggjarar. Difor ønskjer vi å bruke dette i utstillingar, kulturdagar, Ungdommens kulturmønstring el.

Sund kommune

Kommunemeny

Skular

Kontaktinformasjon

KulturTorget, Sund senter
Postboks 23
5371 SKOGSVÅG

Telefon: 56 32 75 99
Telefaks: 56 32 75 01

E-post

Heimeside

Kontaktpersonar

Hilde Kristin Egeland · E-post

Odd Jarle Hatland · E-post