Den kulturelle skulesekken - Granvin herad
”Den kulturelle skulesekken” er ei statleg satsing på kunst og kultur i grunnskulen. Siktemålet er å utvikla eit tilbod slik at alle born skal få ein kulturell skulesekk. Born og ungdom skal få større tilgang til ulike kunst- og kulturuttrykk, og til sjølve å vera aktive i kulturelle aktivitetar. Innhaldet i planen vil vera til stor hjelp for lærarane for å oppfylla prinsipp, retningsliner og fagplanen i L97.
Granvin herad har 1036 innbyggjarar pr 2004. Talet har vore jamt dei siste åra, og progresjonen viser at talet kan gå litt ned dei neste 15-20 åra. Heradet har 1 skule og 1 barnehage. Skulen har 147 elevar fordelt på 10 grupper, og barnehagen har 33 born. Talet på skuleelevar ser ut til å gå litt ned dei næraste åra.
Born og ungdom er eit av Granvin herad sine 3 hovudsatsingsområde i den gjeldande kommuneplanen. Det vil med dette vere naturleg å gå inn for å satse på den kulturelle skulesekken. Frå statleg hald skal den kulturelle skulesekken inn som ei varig ordning, med varige statlege løyvingar.
Granvin har sidan hausten 2003 lagt ned mykje arbeid for å få på plass ein plan for den kulturelle skulesekken skuleåret 2004/2005. Både skuleleiinga, lærarane, elevane, foreldre og politikarar har vist positiv interesse for prosjektet. Då me fekk opplyst at midlane frå som fylkeskommunen skulle fordela til kommunane ikkje kunne nyttast til transport, sa skulen seg villig til m.a. å bruka noko av sitt skuleskyss/transportbudsjett til transportutgifter i samband med tilbod i skulesekken. Politikarane har så langt vore positive til å løyva dei midlane ein har hatt behov for.
Granvin herad
Kommunemeny
Skular
Kontaktinformasjon
Eide
Pb 13
5733 GRANVIN
Telefon: 56 52 40 00
Telefaks: 56 52 40 01
Kontaktpersonar
Arnstein Klovning · E-post
Olav Seim · E-post


