Jondal kommune

Jondal kommune

Skulesekken

Skulesekken - Jondal kommune

Jondal kommune framside  

Jondal kommune er ein liten kommune i Hardanger med omlag 1000 innbyggjarar. Det er ein skule i kommunen,  kombinert barne- og ungdomsskule i Jondal sentrum. Jondal Kulturskule har i overkant av 100 elevar og tilbod innan musikk, handverk, dans og drama. Det er to barnehagar i Jondal,n ein offentleg  og ein organisasjonsdreven.  

Den Kulturelle Skulesekken har vore eit tilbod  skulen og barnehagane i Jondal kommune frå haust 2004.

Visjonar og mål med Den Kulturelle Skulesekken i Jondal kommune: 
”Skapartrong og oppleving”.

 

”Opplæringa må gi rom for elevenes skapende trang, og samtidig vekke deres glede ved andres ytelser. Gjennom bilde og form, tone og ord, må de stimuleres til å utfolde fantasi og oppleve kunst”


Kva vil vi med vår kulturelle skulesekk?
 

Felles verdigrunnlag: Frå samfunnet si side har ein viktig del av skulen si rolle som kulturberar vore knytt til formidling og vidareføring av etablerte kulturnormer og verdier. Samstundes har eit kvart samfunn trong for å møta nye utfordringar med nye svar. Å ta vare på tradisjonen og det kulturelle særpreget, må kombinerast med vilje til å finna nye løysingar på nye problem. Vekselvirkninga mellom kontinuitet og fornying gjev skulen, som kulturberar og læringsarena, eit viktig kulturelt forankringspunkt i samfunnet.

”Utviklinga av den enkeltes identitet skjer ved at ein vert fortruleg med nedarva væremåter, normer og uttrykk. Opplæringa skal ivareta og utdjupe elevenes kjennskap til nasjonale og lokale tradisjonar” L97.

 

Inspirasjon til læring: Elevane har krav på eit allsidig læringsmiljø kjenneteikna av kreative prosessar. Kreativitet og nysgjerrigheit er av stor verdi for elevane si lærelyst, læringsutbytte og evne til nyskaping. Opplæringa skal gje kulturell kompetanse og tilpassa seg framtidig arbeidsmarknad og eit ekspanderande kulturelt nærings- og arbeidsliv.

”Vitenskaplege arbeidsmåtar utviklar både kreative og kritiske evner, og er innan rekkevidde for alle. Born og unge er naturleg nysgjerrige, fabulerande og eksperimenterande”. L97

 

Kultur som livskvalitet: Kunst- og kulturopplevingar har avgjerande verknad på det einskilde menneske. Ved å oppleva og delta i kulturelle aktivitetar er vi deltakarar i verdifellesskapet og samfunnet.”Opplæringens mål er å utvide barn, unge, og voksne`s evner til erkjennelse og opplevelse, innlevelse, utfoldelse og deltakelse”. L97
 

Den Kulturelle Skulesekken skal sikre barn og unge ei brei kulturell læring og eit systematisk møte med kunstnariske uttrykk.

 

Jondal kommune

Kommunemeny

Skular

Kontaktinformasjon

Kommunehuset
5627 JONDAL

Telefon: 53669500
Telefaks: 53669510

E-post

Heimeside

Kontaktpersonar

Una Eiken · E-post

Eirik Gulestøl · E-post