Stord kommune

Stord kommune

Skolesekken

Skolesekken - Stord kommune

Bilete frå Stord, Rommetveit skule  
Den kulturelle skulesekken i Stord kommune.

Mål:
 
Alle barn i Stord er trygge på eigen og andre menneske sin kulturelle identitet. Gjennom skapande aktivitetar skal dei få utvikla evnene sine og dei skal få oppleva kunst og kultur av god kvalitet i skulen.
 
Stord er regionsenter i Sunnhordland. Her bur i overkant av 16 000 ibuarar.  Stord kommune har no 2667 elevar i grunnskulen fordelt på 8 barneskular og 2 ungdomsskular.
 
Plan for den kulturelle skulesekken vart vedteken i komiteen for levekår i 2003. Det vart då sett  saman ei ansvarsgruppe med representantar frå ulike kulturinstiusjonar og det vart peikt ut ein kulturkontakt på kvar skule.

 

Om Stord - kortfatta informasjon

Kommunen utgjer den sørlege halvdelen av Stordøy, i tillegg til dei mindre øyane Huglo og Føyno, totalt 144 km2. Nord på Stordøy ligg Fitjar kommune.

Næraste by nord for Stord er Bergen, medan Haugesund og Stavanger er dei næraste byane i sør.